PRM: NGIR / Forbrenning i Sverige best for miljøet
Til red: **** NTBs PRESSEMELDINGSTJENESTE - Se www.ntb.no ****
Publisert: 06.04.2010  15:47
NGIR (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap) har i tråd med reglar for offentlege innkjøp hatt anbodskonkurranse for forbrenning av restavfall. REKOM AS vann denne konkurransen. REKOM AS er eit norsk meklarselskap som arbeidar med å avsetja ulike avfallsprodukt. Dei er eigd av interkommunale selskap og kommunar. Største eigar er BIR AS (15,8 %). REKOM AS har lagt til grunn at avfallet frå NGIR i hovudsak skal forbrennast ved Tekniska Verkan i Linköping, Sverige. Der vil avfallet verta brent og 95 % av energien utnytta. Endringa skjer frå april i år. Dei neste 4 åra vil årleg kring 15 000 tonn restavfall gå til forbrenning i Sverige. Det tilsvarar 2 vogntog kvar arbeidsdag.
Dette er miljømessig vesentleg betre, og rimelegare, enn å levera avfallet til forbrenning i Bergen, der berre om lag 65 % av energien vert utnytta.
Miljømessig best å køyra avfallet heilt til Sverige?
Du har sikkert høyrt det:
Endelause konvoiar av trailerar lasta med verdifullt biobrensel durar over langfjella til Sverige. Avsendarane er profittjagande vestlendingar utan vilje til å tenkja på miljøet.
Det overståande er kanskje ei litt spissa framstilling av mediedekninga av den såkalla svenskeeksporten, men ikkje så mykje. Lobbyistane til den norske forbrenningsbransjen har vore flinke til å få fram bodskapen om at langtransport er negativt for miljøet. Og det er bra at dei har sett fokus på dette, men skal ein tenkja miljø, må ein tenkja på heilskapen. I miljørekneskapen må difor alle relevante fakta takast med. Forbrenningsbransjen har knapt nemnt energiutnyttingsgrad og kor mykje avfall som vert fyrt for kråkene. På dette området kjem diverre forbrenningsanlegga i Noreg dårleg ut. I Sverige er ein mykje flinkare til å utnytta energien i avfallet enn i Noreg.
Analysar viser at grad av energiutnytting er eit særs viktig aspektet når ein vurderer miljøkonsekvensane ved forbrenning. Dette fordi forbrenning av avfall i stor grad erstattar oljefyring. Dess høgare grad av energiutnytting, dess meir olje vert erstatta.
Ein kan illustrera dette på følgjande måte: I eit vogntog med avfall er det energi tilsvarande om lag 80 000 kWh. Dette tilsvarar energiinnhaldet i 7 000 liter olje. Transport til Sverige vil medføra forbruk av om lag 500 liter olje (diesel).
Miljøreknestykket for NGIR kan setjast opp slik per vogntog:

Sverige (95 % energiutnytting)

Bergen (65 % energiutnytting)

Olje erstatta av avfallsenergi

6650 liter

4450 liter

-Diesel brukt til transport

- 500 liter

- 50 liter

=Netto spart oljeforbruk

= 6150 liter

= 4400 liter

 
I løpet av eit år utgjer dette om lag 1 million liter olje spart på å brenna avfallet i Sverige kontra Bergen . Då er forbruk av drivstoff til transport av avfallet rekna med.
Me i NGIR meiner det er både økonomisk og miljømessig rett å eksportera restavfallet slik energiutnyttingsgraden og prisane er i dag. Kontrakten med REKOM varer i 4 år. Ved neste anbodsrunde vil NGIR gjera ei ny vurdering av miljø og økonomi på eit sakleg grunnlag.
Det beste for miljøet er å hindra at avfall oppstår. Dersom avfall har oppstått, vil det vera betre for miljøet at avfallet vert resirkulert i staden for brent. Me oppmodar difor kundane våre om å redusera eige forbruk og kjeldesortera så mykje som råd.
Bakgrunnsinformasjon:
Cowi har på vegne av BIR AS (Bergenområdets Interkommunale Renovasjonsselskap) gjort ei miljøvurdering kring bygging av den nye omnen ved forbrenningsanlegget til BIR. Der har dei vurdert miljøulemper og miljøfordelar med å forbrenna avfall frå Hordaland i Bergen kontra i Oslo eller Stockholm. Analysane viser at det miljømessig vil vera betre å transportera avfallet til Stockholm dersom ein greier å utnytta minimum 8 % meir energi frå avfallet ved forbrenning i Stockholm kontra Bergen. Miljøvurderinga kan lesast på Fylkesmannen i Hordaland sine heimesider:
  • Miljøvurdering, PDF
  • BIR AS søkjer Fylkesmannen om utvida utsleppsløyve
Det finst fleire måtar å rekna energiutnyttingsgrad på. Ved utrekning og samanlikning er det nytta utrekningsmetoden som SFT tilrår som skildra i SINTEF-rapport TR A6703.
Det er henta data på energiinnhald i avfall frå Soma Miljøkonsult AS.
 
Kjevikdalen, 25.03.10
Erlend Kleiveland
dagleg leiar
tlf. 41519142
**** Dette stoff formidler NTB for andre - se www.ntb.no ****

ngir_logo.jpg

Vedlegg:
http://www.ngir.no/omngir/pressemeldingar/185-forbrenning-i-sverige-best-for-miljoet.html
ngir_logo.jpg