Produkter

 

NPK leverer nyheiter, aktueltsaker og featurestoff på nynorsk.

Først og fremst dekkjer vi nasjonale nyheiter med eit eige auge for distrikta, men også sport og viktige internasjonale nyheiter.

Vi skriv mellom anna om primærnæringane (jordbruk, skogbruk, fiske og fangst), industri, reiseliv og samferdsel, kultur og underhaldning, forsking og utdanning, organisasjonsliv og saker frå storting og regjering. I tillegg skriv vi om språk generelt og nynorsk spesielt.

Med NPK tilgjengeleg får du meir tid til overs. Fleire av tenestene våre kan du publisere direkte, eller bruke for å vidareutvikle eigenproduksjonen.

Kontakt oss:

22 03 46 48 

npk@npk.no

Nynorsk pressekontor (NPK) har levert nyheiter på nynorsk sidan 1969, då Stortinget fann grunn til å løyve pengar til eit slikt nyheitsbyrå for å få meir nynorsk i media.

NPK vert i dag drive av ei sjølveigande stifting – Stiftinga Nynorsk pressekontor (SNPK). Organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga.

Sidan 2007 har Stiftinga Nynorsk pressekontor hatt ein samarbeidsavtale med Norsk Telegrambyrå (NTB), om å drifte redaksjonen NPK. Nynorsk pressekontor sit difor samlokalisert med NTB i Hamnelageret, Langkaia 1 i Oslo.

Som lokalavis er me i først og fremst ute etter lokale nyhende, men me har i mange år brukt NPK aktivt, for å utvida horisonten litt, og fordi det stundom dett inn saker med lokal karakter. Men også fordi NPK serverer oss nasjonale saker av lokal verdi, og ikkje minst aktuelle og truverdige temasaker, som me likevel måtte brukt eksterne krefter for å laga. Her får me dei fiks ferdige klar til bruk, noko som gjer kvardagen enklare for ein liten redaksjon
Magne Kydland Ansvarleg redaktør, Sunnhordland
Nynorsk Pressekontor (NPK) skil seg frå andre pressetenester ved å presenterte nyhende på nynorsk. Som seriøs nyhendeovervakar er NPK svært viktig for ei lita lokalavis som Fjordabladet. Gjennom nyhendetenesta kan avisa, både på papir og nett, halde lesarane oppdaterte på viktige nasjonale og regionale nyhende som Fjordabladet ikkje har ressursar til å overvake eller skaffe seg på eiga hand. I tillegg til korte velskrivne nyhendeoppdateringar, tilbyrt NPK også meir omfattande artiklar som er av interesse for våre lesarar. Ut over dei faste nyhendetenestene opplevere vi NPK som svært imøtekomande når vår avis har behov for å dekke arrangement som har spesiell interesse for våre lesarar. For Fjordabladet er det derfor naturleg å abonnerer på tenestene frå NPK.
Tormod Flatebø, ansvarleg redaktør, Fjordabladet