NPK

 

NPK-språket (2010) er bygd over den same lesten som NTBs språkhandbok, NTB-språket (Kunnskapsforlaget, 2007), men tar for seg nynorsk. Boka er delt i to delar: ei ordliste med over 30000 oppslagsord og ein regeldel med gode råd om rettskriving og språkbruk. Ordlista femnar om basistilfanget av ord i nynorsk – og litt til. Norma har færre valfrie former enn den offisielle rettskrivinga, men dekkjer dei formene som er mest vanlege i bruk.

Nyttige tips om mangt:

I regeldelen gir vi nyttige tips om mangt som vi veit at mange er usikre på, enten det er teiknsetjing, bruk av tal og talord, store og små forbokstavar, nynorsk rettsspråk eller transkribering. Boka forklarer også dei viktigaste forskjellane mellom nynorsk og bokmål og trekkjer fram typiske feil og vanlege misforståingar.

Vi håper boka vår kan hjelpe deg til å skrive rettare, men òg at ho kan stimulere det språklege medvitet og skjerpe den kritiske sansen. Når vi har ridd reglar lenge nok, må vi òg hugse: Det er lov å leike med språket!

Bestill:

Boka kostar 298 kroner + adm. gebyr og porto. Du kan tinge boka per e-post på adressa npk@npk.no.

 

Pris: 298 kroner   

Bestill: 

22 03 46 48 

npk@npk.no