NTBs språkpris til Per Anders Todal i Dag og Tid



NTB delte ut språkprisen for tolvte gong på Nordiske Mediedager onsdag kveld. Juryen heidrar prisvinnar Per Anders Todal for allsidigheita hans og den store spennvidda i temaa han tek opp. Samtidig evnar han å gjere kompliserte tema forståeleg på ein fengjande og stilsikker måte, ifølgje juryen.
“Det er en kunst å skrive om tunge og til dels trauste temaer på en leseverdig og engasjerende måte. Årets vinner greier nettopp det – å løfte og gjøre noe spesielt ut av det han skriver om. Som leser blir man gledelig overrasket, man vet aldri hva man får”, skriv juryen i grunngjevinga for tildelinga.
Det var Mads Ynge Storvik, sjefredaktør og administrerande direktør i NTB, som delte ut språkprisen.
– Todal er svært produktiv og jobbar under tidspress. Likevel held tekstane hans svært høg kvalitet og tek overraskande vendingar. Det er imponerande! seier Storvik.
Stolt og audmjuk prisvinnar
– Det er både svært gledeleg og litt merkeleg å bli prislønt for det prosaiske kvardagsstrevet i ei avis, seier prisvinnar Per Anders Todal.
– Eg blir både stolt og audmjuk av å sjå lista over tidlegare vinnarar. Sjølv har eg hatt eit ganske enkelt mål i virket mitt som journalist: Om eg får høve til å skrive sant om viktige ting på ein interessant måte, skal eg vere nøgd. Og dette målet har eg fått strekkje meg etter i over 20 år i Dag og Tid, ei avis som gjev rom for personlege røyster også i nyhendestoffet, med stor fridom for den einskilde journalisten til å forfølgje interessene sine.
Tidlegare prisvinnarar:
2017: Eirin Eikefjord, Bergens Tidende
2016: Håkon Gundersen, Morgenbladet
2015: Redaksjonen i Aftenposten Junior
2014: Truls Dæhli, VG
2013: Trude Lorentzen, Dagbladet
2012: Iver Gjelstenli, Romsdals Budstikke
2011: Kjetil B. Alstadheim, Dagens Næringsliv
2010: Hege Ulstein, Dagsavisen
2009: Hallgeir Opedal, Dagbladet
2008: Kjersti Mjør, Bergens Tidende
2007: Kjetil B. Østli, Aftenposten
Juryen for NTBs språkpris er:
Juryleiar: Therese Manus
Leiar i Norsk kommunikasjonsforening. Ho har vore juryleiar for NTBs språkpris dei siste fem åra.
Jurymedlem: Åse Wetås
Direktør i Språkrådet.
Jurymedlem: Knut Olav Åmås
Direktør i stiftinga Fritt Ord.
Jurymedlem: Christine Calvert
Dagleg leiar i Tekstdoktor.
Jurymedlem: Rune Wikstøl
Språkansvarleg i NTB. Redaktør for NTBs språknorm for mediespråk – også kalla NTB-språket.
Bilder

Last ned

Last ned

Last ned