Pleier de å overlate nynorsken til den på huset som kan det best? No kan de få inn ein som kan det enda betre!
Nynorskroboten
Nynorskroboten – korrekt nynorsk med eit tastetrykk

Nynorskroboten er eit omsetjingsverktøy som set om kjappare, meir korrekt og meir konsekvent enn alle dei flinke nynorskbrukarane på huset til saman. Det spelar inga rolle om teksten er på éi eller to hundre sider, om du skriv i Word eller i ei nettpubliseringsløysing, roboten fiksar det på ein augneblink – med færre feil enn ved manuell omsetjing.
Få hjelp til å følgje språklova og opplæringslova
Med Nynorskroboten er det lett å oppfylle krava i språklova om å ha minst 25 prosent nynorsk og å svare på brev og e-postar på nynorsk. Jobbar du i forlag, er dette løysinga på utfordringa med å tilby læremiddel på både nynorsk og bokmål – samtidig!
Valfridom – men konsekvente tekstar
Der det er valfridom i nynorskrettskrivinga, kan de velje kva former og ord roboten skal bruke, anten individuelt eller for heile organisasjonen. På den måten sikrar de ikkje berre korrekte, men også konsekvente nynorsktekstar, uavhengig av kven skribenten er. Og de sikrar at tekstane speglar den stilen og tonen som de ønskjer.
Korleis fungerer Nynorskroboten? Sjå video
Sidan 2018 har Nynorsk Pressekontor (NPK) i samarbeid med NTB utvikla omsetjingsverktøyet Nynorskroboten. Nynorskroboten er no overført til NTB Arkitekst, som skal stå for den vidare drifta og utviklinga. Les pressemeldinga her!